og teip festa til golvet og pudder i garderoben og lakenteater og stolar på rad og innslepp om tre minutt og oppvarming og mumling i skjegget og teknikaren i riggen og den trange våte bilen og ut og inn og lemping og honorar inn på konto og altfor lite latter denne gongen og strenge blikk til dei bakerst og kvifor stirrer alle på ho unge i forestillinga hæ? og tyggis under stolane og det umerkelege dramaturgiske høgdepunktet og dagen brannalarmen gjekk og alt berre stoppa og rektoren som avlyste og metervis med papp og gutten med det krøllete svarte håret med open munn hadde aldri aldri sett noko slikt før dvd ligg vedlagt i dårleg kvalitet arbeidet med fylkeskommunen går bra kunnskap om resepsjonen stigande diskursen mangfaldig det er håp





lyset slåast av lyden skruast på tematikken borar seg bort og inn og ned og personen som satt på tredje rad med det svarte krøllete håret den personen var heilt oppslukt overgitt vi veit ikkje kva og vi snakka om det i garderoben under nedrigg utrigg opprigg i bussen men var vi venner kollegaer bekjente svirekameratar studiekameratar er det nokon som hugsar takten cuet intensjonen med rørsla kven fotograferte kven kartla kvar er dokumenta burde ikkje nokon dokumentere sette i system alfabetisere montere i monter la støvet falle ned i skjul og snøen fell virvlar snøføyk kastast framfor lyktene til ein minibuss ein stad i distriktet tidleg nitti-tal ein gong ein dag skal vi få alt fram og opp frå skapa opp opp opp leite alt opp nokon skal leite oss opp og lage noko nytt nei sjå der er noko gamalt fantastisk klassikar-aktig forut vår tid nei på sida av vår tid eit parallelt univers på tvers av tradisjonelle skilelinjer i norsk teater det er ikkje postutopisk men prefantastisk

arkivet og utopien og verkelegheita og det eventyraktige og det beståande og det forgjengelege og det ungdommelege og den store forteljinga og skipet på botnen av havet og skatteskista og glimtet av tangen der nede tangentane her oppe å drive inn på ein våg på ein sjø til eit land til ei strand i ein draum i levande live med revolusjonerande tankar i ei verd i ei tankeverd som kollapsar fell ned pang og og og og revolusjonen revolusjonen revolusjonen oppbygginga oppbygginga oppbygginga noko nytt noko nytt noko nytt betre endå betre du og eg dei oss alle andre alle andre det store vi det store vi det er det vi vil ha det er det vi vil ha makuleringsmaskinane arka klipt opp i stykke flaksar flyg over åkrar åra som går minnet som forvitrar minst du minst du den du var forsvinn forsvinn forsvinn bak i den minibussen viskast ut kvite fargar snø og fnugg og støv og det er ikkje nok det er ikkje nok det er ikkje nok det er ikkje nok det er ikkje nok ver så snill bli litt til

Eirik Fauske